|
Velkommen til Finnøy idrettslag sine heimesider!
Fotballsesongen er i gang, handballen er på hell og friidrettsgjengen gjer seg klar for stemne. Våren er ei travel tid i Finnøy Idrettslag. Og nå framover mot sommaren skal me også oppgradera nye nettsider. Følg med, følg med!
2012 blir eit ekstra spennande år. For i sommar blir grasbanen på Leikvoll gjort om til kunstgras. I desse dagar foregår sondering om kva leverandør som skal veljast. 15. og 16. juni blir Griegs fotballskule halden på Leikvoll. Over 120 barn vil boltra seg på graset og vår 7-arbane kunstgras. To dagar seianare, 18. juni blir grasbanen spadd opp. Arbeidet er i gang. Går alt etter planen kan Viking koma å halda fotballskule 6.-8. august. Javisst, alaget kjem også. Om alt går etter planen. Ein spennande sommar altså.
Klikk deg rundt på sida vår, og send oss gjerne ein tilbakemelding på oddvar@ryfylkelivsgnist.no om kva du syns om sida vår!
Klikk på bildet for å lese meir om Griegløpet


|
FIL-nytt er nå historie. Trykk på bildet for å lesa FIL-nytt som kjem ein gong i månaden i Øyposten
Hovudsponsorar:
  
|